Arego
kw:!support_us

Oppstart januar 2022 for aerobic på Vikahaugane og herre mosjonsparti på Hystad skule

Me kan endeleg starte opp att vaksengruppene våre :) 

Det må gjerast med visse reglar, då restriksjonane set nokre krav til treningane. Me har ikkje lov til å vera meir enn om lag 20 på trening, og me må vera flinke å halda avstand. 

Aerobic på Vikahaugane
Gruppa vert delt i to. Trening måndagar vert for dei under 50 år, og onsdagar for dei over 50 år. 

Dersom spørsmål til dette, ta kontakt med Aslaug. 

Herre på Hystad
Lars tek sikte på å dela gruppa i to, slik som ein gjorde tidlegare i 2021. Lars Mugaas informerer dykk :) 

Ha gode treningar! 

 

Gymfest i Vest for ungdom på Stord 19.-21.mai

Gymfest i vest er eit turnarrangement som Stord i årarrangererte, og festen strekte seg frå fredag til søndag i hallkomplekset på Vikahaugane.

200 utøvarar tevla i fire ulike greiner – trampett, tumbling, frittståande og open klasse.

Les meir om arrangemetet her:

http://www.sunnhordland.no/sport/turn-kan-anbefalast-1.1929474 

 

Kontakt
Kalendar