Arego
kw:!support_us

Oppstart turn - og koronarestriksjonar

tiltak for å  hindre smitte i turngruppa! 

Me har innført nokre heilt klare reglar før oppstart, for trenarar og gymnastar: 

  • Ikkje kom på trening dersom du kjenner deg sjuk
  • Me har plikt til å føre oppmøteliste
  • Respekter reglar og beskjedar som vert gitt i turnhallen

Turngruppa jobbar etter råd om smittevern basert på FHI sine anbefalingar, og Norges gymnastikk- og turnforbund sin smittevernsrettleiar. De kan lesa meir om NGTF sin informasjon her : NGTF - Koronainformasjon - samleside

Ordensreglar i høve korona - på trening

  • Alle treningar kjem til å bli avslutta ti minuttar før vanleg, slik at me slepp trengsel, og har tid til å reingjera før ny gruppe kjem
  • Handdesinfeksjon når ein kjem på trening
  • Overflatedesinfeksjon etter endt trening (på overflater som vert nytta i treninga)
  • Alle ventar på utsida av turnhallen, og ventar til dei vert henta av trenar
  • Alle må stilla på trening i treningstøy. Garderobane er stengt, med unnatak av muligheita til å henge frå seg yttertøy
  • Me minimerer bruk av skumgropa
  • Trenarane har lov å sikre, men kjem til å gjera naudsynte vurderingar kring kva øvingar som kan, og kva som ikkje kan, gjennomførast 
  • Ingen mat i turnhallen, kun lov med eigen drikkeflaske

Foreldre kan ikkje vera i turnhallen under treninga. Dersom ein ønskjer det, kan det vera aktuelt med fleire vaksne som hjelpetrenarar. Ta i tilfelle kontakt med kontaktperson i styret. 

 

God oppførsel gir gode treningar! :) 

Kontakt
Kalendar