Påmelding sesongen 2019/2020
Stord IL turngruppa har frå 11.februar ikkje lengre anledning til å ta imot nye påmeldingar til turngruppene våre.
Frå sesongstart 2019/2020 i august, kjem turngruppa til å ta i bruk nytt medlemssystem, og alle eksisterande medlemmer og dei som er på venteliste vert automatisk overført til det nye systemet.
Inntil overføringa er gjennomført, er det IKKJE mogleg å registrere nye medlemmer via mySoft.
Dersom du ønskjer plass, er det ledige plassar på ei av følgjande treningsgrupper:
- Herretrim Vikahaugane og Hystad
- Aerobic på Vikahaugane
- Gutar i ordinære turngrupper 1.-10.klasse
Ta kontakt med kontaktperson i Stord turn: Jon Eirik Kvalnes, dersom det er aktuelt å starte i desse gruppene no, før ordinær oppstart i august.
Til eksisterande medlemmer og dei som er på venteliste
Dersom du veit no at du ikkje ønskjer å behalde plassen til hausten 2019, anten du står på venteliste eller er medlem, ber me om at du gir beskjed til kontaktperson om dette så snart som råd.