Arego
kw:!support_us

Takk for i år!

Me vil takka alle dei supre gymnastane våre for eit fantastisk kjekt juleshow på søndag 4. desember! Med dette avsluttar me dei ordinære treningane for 2016, og ønskjer alle velkommen att etter nyttår!

Med vårt nye påmeldingssystem, er alle registrert som medlemmar fram til sommaren, så ingen treng å registrera seg på ny!

Dersom du vil vera med på turn etter jul kan du senda ein epost til Bjorn.Tommervik@kvaerner.com og så skal me sjekka om det er plass på det partiet du ynskjer vera med på. På treningane for vaksne har me god plass, så her er det berre å møte opp. Velkommen!

Kontakt
Kalendar