Arego
kw:!support_us

Turn-året 2018/2019

Turngruppa har no tatt sommarferie, for dei aller fleste. Me ønskjer alle medlemmer ein flott sommarferie! 

For påmelding i turngruppa for neste skuleår, nyttar ein lenka på venstre side, med merke "Påmelding". Alle eksisterande medlemmer treng ikkje å senda ny påmelding. Nye medlemmer er velkomne til å starta påmelding allereie no, men kan ikkje venta å få svar før nærare august. Dette sidan me treng litt tid for å setja saman turngrupper, treningstider, treningshall med meir. 

Timeplanen som ligg på nettsida vår no, er sannsynleg å følgja også til neste år. Men - det vil koma små endringar. Denne tek me sikte på å ha klar i god tid før skule-/treningsstart i august. 

Dersom nokon av våre eksisterande medlemmer IKKJE skal vera med til neste år, er det viktig at me får melding om dette. Det kan då sendast til kontaktperson for medlemsregister - Jon Eirik Kvalnes. 

Har du spørsmål - send oss ei melding eller send mail til kontaktperson i styret 

Kontakt
Kalendar