Arego
kw:!support_us

Turngruppa sine troppsgymnastar fortset å imponera!

Stord IL turngruppa - Troppen

Bak frå venstre: Lars Aaheim (trenar), Anna Gardner, Camilla Silden (delvis skjult), Erlend Lydersen Grønås, Elena Valvatne, Karoline Frederich (trenar) Tora Eik Breirem, Marielle Flatås Kvalnes, Thea Elise Paulsen, Lars M Heggland (trenar), Karl Grov, Tiril Simonsen, Miriam Matre, Eline Røstbø Treeck, Carina Stautland, Beate Sørvik Torkelsen, Torbjørn Ottesen Hornaland, Saga Emilie Tonning, Mathilde Nordtveit, Tora Haslum Myklebust, Seline Molde Ottesen, Ida Synnøve Flatås Kvalnes 

På søndag gjekk turen til Haukelandshallen og Kretsmeisterskap Hordaland i troppsgymnastikk. Både rekruttar og juniorar har jobba hardt i heile haust med førebuingar mot konkurranse og det var ein spent gjeng som hadde avreise søndags morgon.

I konkurranseforma troppsgymnastikk konkurrera gymnastane som eitt lag i apparata tumbling, trampett og frittståande. Poengberekninga vert gjort etter vanskegrad og i kor stor grad dei klarar å oppnå det i konkurransen. Juniorane sine jenter stilte for første gong i Stord IL si historie i Teamgym-konkurranse, der alle tre apparat vert slått saman med samla, teljande resultat. Rekrutt og mix-laget til juniorane stilte i nasjonale klassar. I alt stilte heile 95 troppar til start i ulike klassar og apparat.

Med seg frå Bergen fekk gjengen med seg følgjande flotte resultat:

  • 1. plass Teamgym Kvinner
  • 2. plass Junior mix (J+G) tumbling
  • 2. plass Junior mix (J+G) trampett
  • 3. plass Rekrutt frittståande

Turngruppa har lang og stolt tradisjon for apparat-turn. Med stadig voksande og hardt arbeidande troppsgymnastar er me i ferd med å skapa svært gode rammer også for denne konkurranseforma. Troppen syner eit flott samhald og god treningsvilje.

Dette hadde me ikkje fått til utan dedikerte trenarar, eit godt breiddetilbod og god aktivitet på Vikahaugane kvar dag. Turngruppa tel i dag om lag 250 aktive gymnastar på breiddepartia frå 1.-10.klasse, 25 troppsgymnastar og 10 apparat-turnarar. Med opp mot 100 born i alderen 2-5 år på foreldre/barn-gruppene våre ser framtida lovande ut.

For alle som ønskjer å sjå denne flotte gjengen, saman med alle dei andre gymnastane våre, er juleshowet vårt absolutt verdt å få med seg!

9.desember fyller me Nyehallen på Vikahaugane med mykje flott turn.

Temagym - frittstående

 

Kontakt
Kalendar