Arego
kw:!support_us

Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2020

Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!

Velkomen til nytt turn-år :) 

Denne hausten vert ikkje som vanleg, og me tek vårt ansvar for at barn og vaksne skal vera trygg på å ha treningar med så låg smitterisiko som mogleg. Dersom alt går etter planen, kjem alle barnegrupper til å ha oppstart i veke 35. Timeplanen som no ligg på nettsida vår er oppdatert, og me tek sikte på å ha same timeplan komande sesong.  

Det som er viktig å merka seg, er at ALLE barnegrupper kjem til å ha obligatoriske foreldremøter i oppstartsveka. Desse møtene kjem til å vera på Vikahaugane, på same tid som ungane har treningstid. Det er viktig for oss at flest mogleg deltek på desse oppstartsmøtene. 

Foreldre/barn-gruppene skal ha oppstartsmøter i gymsalane på Langeland, Hystad og Lerivik skule - også det i veke 35, og ha oppstart i veke 36! 

Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!  

Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no 

 

Styret

 

Kontakt
Kalendar