Arego
kw:!support_us

Oppdatering i høve trening i veke 37 i turngruppa

Oppdatering - avlyst trening i turnhallen i veke 37

Som følgje av at elev ved Stord vidaregåande skule testa positivt for Covid-19, vil turngruppa avlyse all trening som foregår i turnhallen i veke 37. 

Dette har samanheng med at fleire av våre trenarar er kontakta som nærkontaktar til den som er smitta, og er soleis i karantene. 

Turngruppa jobbar saman med kommunen når det gjeld smittesporing, og eventuelle nærkontaktar frå turngruppa vert teke kontakt med frå Koronasentralen. 

Syner elles til kommunen si nettside for informasjon; https://www.stord.kommune.no/nytt-smittetilfelle-paa-stord.6330951-454088.html

Jon Eirik Kvalnes
Leiar, Stord IL turngruppa

Kontakt
Kalendar