Oppstart turn - og koronarestriksjonar
tiltak for å hindre smitte i turngruppa!
Me har innført nokre heilt klare reglar før oppstart, for trenarar og gymnastar:
- Ikkje kom på trening dersom du kjenner deg sjuk
- Me har plikt til å føre oppmøteliste
- Respekter reglar og beskjedar som vert gitt i turnhallen
Turngruppa jobbar etter råd om smittevern basert på FHI sine anbefalingar, og Norges gymnastikk- og turnforbund sin smittevernsrettleiar. De kan lesa meir om NGTF sin informasjon her : NGTF - Koronainformasjon - samleside
Ordensreglar i høve korona - på trening
- Alle treningar kjem til å bli avslutta ti minuttar før vanleg, slik at me slepp trengsel, og har tid til å reingjera før ny gruppe kjem
- Handdesinfeksjon når ein kjem på trening
- Overflatedesinfeksjon etter endt trening (på overflater som vert nytta i treninga)
- Alle ventar på utsida av turnhallen, og ventar til dei vert henta av trenar
- Alle må stilla på trening i treningstøy. Garderobane er stengt, med unnatak av muligheita til å henge frå seg yttertøy
- Me minimerer bruk av skumgropa
- Trenarane har lov å sikre, men kjem til å gjera naudsynte vurderingar kring kva øvingar som kan, og kva som ikkje kan, gjennomførast
- Ingen mat i turnhallen, kun lov med eigen drikkeflaske
Foreldre kan ikkje vera i turnhallen under treninga. Dersom ein ønskjer det, kan det vera aktuelt med fleire vaksne som hjelpetrenarar. Ta i tilfelle kontakt med kontaktperson i styret.
God oppførsel gir gode treningar! :)