Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2022
Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!
Velkomen til nytt turn-år sesongen 2022/2023 :)
Me tek sikte på ordinær oppstart i veke 34 og veke 35 for alle barnegrupper!
Endeleg timeplan vil vera oppdatert omkring 5.august, og ligg på nettsida vår. Det kan koma endringar i høve den som gjaldt i 21/22-sesongen.
Foreldre/barn-gruppene skal ha oppstartsmøter i gymsalane på Langeland, Hystad og Lerivik skule - også det i veke 34, og ha oppstart i veke 35!
Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!
Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no
Styret