Presentasjon av Allidrett i Stord IL
Hausten 2022 kom eit nytt aktivitetstilbod til Stord IL – Allidrett.
I første omgang blir det for born som fyller 5 år inneverande år. Vi skal leike - både inne og ute, prøve oss i ulike idrettar som Stord IL har å by på, samt kjenne på mestring og glede.
Turar i nærområdet, finne postar, leik med ball, skeiser, ski og fjelltur. Barna får tilbod om eit bredt utval av aktivitetar og kanskje moglegheita for å utfordre seg sjølv. Allidrett skal vere kjekt og kjenne glede ved å bruke kroppen motorisk på ein positiv måte.
Allidrett skal vere sosialt og alle er velkommen til å delta.