Presentasjon av Allidrett i Stord IL
Hausten 2022 kom eit nytt aktivitetstilbod til Stord IL – Allidrett.
I første omgang blir det for born fødd i 2017. Vi skal leike - både inne og ute, prøve oss i ulike idrettar som Stord IL har å by på, samt kjenne på mestring og glede.
Turar i nærområdet, finne postar, leik med ball, skeiser, ski og fjelltur. Barna får tilbod om eit bredt utval av aktivitetar og kanskje moglegheita for å utfordre seg sjølv. Allidrett skal vere kjekt og kjenne glede ved å bruke kroppen motorisk på ein positiv måte.
Allidrett skal vere sosialt og alle er velkommen til å delta.
Kunne du tenkt deg at ditt barn blei med allereie no? (Kun barn født i 2017)
På Allidrett har vi gjennom hausten og vinteren hatt ulike aktiviteter som skal vise Stord IL sine tilbod og fokus på positive sider med fysisk aktivitet.
Øktene har blant annet vert; - Sykkelløype - Skeiser - Volleyball (Stord Volleyball) - Regelleik - Turn - Dans - Leik og hinderløype - Ballleik
Framover skal vi blant annet innom handball, fotball og mykje annet kjekt!
Kunne du tenkt at ditt barn vil prøve tilbodet frå mars til mai/juni?
Send Mail til allidrett@stordturn.no Vi trener torsdagar kl. 17-18!
Påmelding til Allidrett med oppstart haust 2023
Stord IL turngruppa er glad for å vidareføre tilbodet om Allidrett hausten 2023. Me har no kapasitet til å ta i mot påmelding for born født i 2017 og 2018.
Treningstid er førebels ikkje avklart, men truleg vert det trening torsdagar kl 16-17 for 2018-kullet og 17-18 for 2017-kullet.
Lenke til påmelding finn du her: http://turn.stordil.no/pamelding
Har du spørsmål til tilbodet? Send oss ein epost på allidrett@stordturn.no
Håpar me sjåast på trening!