Troppsgymnastane våre har vore og sanka pokalar!
Stord Turn sin juniortropp reiste heim med heile fem pokalar i baggasjen etter kretskonkurransen i Haugesund i helga. Turnarane deltok i seks øvingar og sikra seg pallplass i fem av dei.
I juniorklassen hamna dei på første plass i øvinga tumbling og sikra seg andre plassen i øvinga trampett. I tevlinga for rekruttar fekk dei andre plass i tumbling og hamna øvst på pallen i frittståande.
Kretskonkurransen i Haugesund foregjekk over to dagar og samla turnarar frå Stord i nord til Ålgård i sør.
Konkurranseturnarane som var i aksjon i helga var Mia Sætrevik Endal (14), Erle Birkeland (14), Ive Myklebust Valvatne (13), Tora Ertresvåg Pedersen (13), Elena Magnussen (13), Othilie Horneland (12) og Sunniva Urdal (12). I tillegg består troppen av Eva Hasholt Horneland (12), Madel Kvalheim (12) og Oline Kvalheim (14).
Treningstider
Turngruppa gjer endringar - me ønskjer fleire troppsgymnastar
Turngruppa og Stord IL sitt motto “Idrettsglede heile livet” skal vera eit overordna prinsipp for turngruppa sin aktivitet. Vårt mål er å legge til rette for aktivitet heile livet, og har tradisjon for å ha grupper for 3-åringar og oppover.
I turngruppa skal alle medlemmer ha lik anledning til å delta på aktivitet som turngruppa arrangerer. For å lukkast med det, synast det viktig for oss å organisere tilboda på ein anna måte enn tidlegare.
Turngruppa skal i 2024/2025 legge til rette for at gymnastar skal kunne velja mellom to retningar, der troppsgymnastikk er ein og breiddeparti er det andre.
Med troppsgymnastikk meinast eit parti som skal kunne delta i konkurransar, med høg foreldredeltaking med meir. Eit breiddeparti vil vera eit parti med færre treningar, og ikkje like stort fokus på at foreldre må delta som instruktørar, sjølv om føresette vil bli oppmoda til å delta som hjelpeinstruktørar og som støtte i treningane.
Som gymnast på breiddeparti vil ein kunna fortsetja med turn og grunnleiande opplæring i ulike øvingar med turnleik i fokus. Det er eit ynskje frå styret at begge retningane skal kunna delta på samlingar og liknande, men påmelding og praktisk gjennomføring må skje på gruppenivå i eit samarbeid med trenarar og foreldrekontakt. Foreldre som ynskjer å verta trenarar eller bidra på treningane vil få tilbod om sikrings- og trenarkurs i regi av Norges Gymnastikk og Turnforbund.
Nærare omtale om dei ulike gruppene som turngruppa tilbyr er samla i dette dokumentet.
Med slik organisering, vil turngruppa ha kapasitet til om lag 240 aktive medlemmer i alderen 1.-10.klasse.
Er du interessert i å vita meir om tilboda?
Sjå her: Om turngruppa
ALLIDRETT 5-åringar - Open for påmelding!
Allidrett i stord il
Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2024
Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!
Velkomen til nytt turn-år sesongen 2024/2025 :)
Me tek sikte på ordinær oppstart i veke 34 og veke 35 for alle barnegrupper! Det vert sett opp foreldremøter i samband med oppstart - i alle grupper.
Endeleg timeplan vil vera oppdatert omkring 1.august, og førebels plan ligg på nettsida vår. Det kan koma endringar i høve den som gjaldt i 23/24-sesongen.
Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!
Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no
Styret
Nytt apparatrom på Vikahaugane!
Endeleg kan me ta i bruk den nye mini-hallen vår på Vikahaugane! Den vil vera eigna til mindre parti og trening med speil for betre å finspisse teknikk i både frittståande og apparat. Spesielt er utstyret retta mot born i alderen 6-9 år.
Tusen takk til dei som har bidrege til at me har fått ei sårt trengt oppgradering og utviding av hallkapasiteten vår!
Sparebankstiftelsen SR-bank og Sparebanken Vest har begge bidrege med 150.000 kroner, og turngruppa set umåteleg pris på bidraga!
Turngruppa sine troppsgymnastar fortset å imponera!
Bak frå venstre: Lars Aaheim (trenar), Anna Gardner, Camilla Silden (delvis skjult), Erlend Lydersen Grønås, Elena Valvatne, Karoline Frederich (trenar) Tora Eik Breirem, Marielle Flatås Kvalnes, Thea Elise Paulsen, Lars M Heggland (trenar), Karl Grov, Tiril Simonsen, Miriam Matre, Eline Røstbø Treeck, Carina Stautland, Beate Sørvik Torkelsen, Torbjørn Ottesen Hornaland, Saga Emilie Tonning, Mathilde Nordtveit, Hedda Haslum Myklebust, Seline Molde Ottesen, Ida Synnøve Flatås Kvalnes
På søndag gjekk turen til Haukelandshallen og Kretsmeisterskap Hordaland i troppsgymnastikk. Både rekruttar og juniorar har jobba hardt i heile haust med førebuingar mot konkurranse og det var ein spent gjeng som hadde avreise søndags morgon.
I konkurranseforma troppsgymnastikk konkurrera gymnastane som eitt lag i apparata tumbling, trampett og frittståande. Poengberekninga vert gjort etter vanskegrad og i kor stor grad dei klarar å oppnå det i konkurransen. Juniorane sine jenter stilte for første gong i Stord IL si historie i Teamgym-konkurranse, der alle tre apparat vert slått saman med samla, teljande resultat. Rekrutt og mix-laget til juniorane stilte i nasjonale klassar. I alt stilte heile 95 troppar til start i ulike klassar og apparat.
Med seg frå Bergen fekk gjengen med seg følgjande flotte resultat:
- 1. plass Teamgym Kvinner
- 2. plass Junior mix (J+G) tumbling
- 2. plass Junior mix (J+G) trampett
- 3. plass Rekrutt frittståande
Turngruppa har lang og stolt tradisjon for apparat-turn. Med stadig voksande og hardt arbeidande troppsgymnastar er me i ferd med å skapa svært gode rammer også for denne konkurranseforma. Troppen syner eit flott samhald og god treningsvilje.
Dette hadde me ikkje fått til utan dedikerte trenarar, eit godt breiddetilbod og god aktivitet på Vikahaugane kvar dag. Turngruppa tel i dag om lag 250 aktive gymnastar på breiddepartia frå 1.-10.klasse, 25 troppsgymnastar og 10 apparat-turnarar. Med opp mot 100 born i alderen 2-5 år på foreldre/barn-gruppene våre ser framtida lovande ut.
For alle som ønskjer å sjå denne flotte gjengen, saman med alle dei andre gymnastane våre, er juleshowet vårt absolutt verdt å få med seg!
9.desember fyller me Nyehallen på Vikahaugane med mykje flott turn.
Kontaktinfo
Jon Eirik Kvalnes | |
---|---|
E-post: | leiar@stordturn.no |
Telefon: | 99 38 95 62 |