Påmelding til turngruppa
Stord IL turngruppa tek løpande imot nye påmeldingar til turngruppene våre.
Turngruppa har fleire grupper som per idag er fulle. Dette gjeld spesielt gruppene frå 1.-8.klasse for jenter. Men me oppmodar alle som ønskjer plass om å søkje, og heller setje seg på venteliste ein periode.
For påmelding, ver venleg å fyll ut skjema. Du vil få ei bekrefting om plass på parti eller venteliste så snart me har handsama innmeldinga di. Det vil sei at det kan ta nokre veker før du får svar.
Påmeldingsskjema til turngruppa
Ta kontakt med kontaktperson i turngruppa: leiar@stordturn.no , dersom det er spørsmål knytt til dette.
Til eksisterande medlemmer og dei som er på venteliste
Dersom du veit no at du ikkje ønskjer å behalde plassen hausten 2024, anten du står på venteliste eller er medlem, ber me om at du gir beskjed til kontaktperson om dette så snart som råd.
Avmelding frå turngruppa
Ønskjer du å melde frå om at barnet ditt eller du sjølv ikkje skal vera medlem i Stord IL turngruppa lengre?
Det kan du gjere sjølv her: https://minidrett.no
Har du noko du ønskjer å dela med turngruppa i forbindelse med avmelding? Send oss gjerne ein epost på leiar@stordturn.no !
Me er opptatt av å kunne forbetra oss.