Arego
kw:!support_us

Breiddeparti 1.-10.klasse

Alle som ønskjer å melde seg på eit tilbod i turngruppa skal starte påmelding i breiddeparti. Det er kun aktive gymnastar i breiddeparti som får anledning til å melde si interesse til troppspartia. 

I breiddeparti skal det vera fagleg og pedagogisk fokus på grunnleggjande turnelement, og gymnastane skal i større grad ha anledning til å ha fokus på turnleik. Trenarane på breiddeparti skal i stor grad vera dekkja av dei eldste troppsgymnastane våre, og bør ha rettleiing og støtte frå foreldre og vaksne trenarar. 

Breiddeparti er fordelt slik 

Parti

Kapasitet

Tal treningar/veke

1.klasse jenter

25

1

2.klasse jenter

25

1

3.klasse jenter

25

1

4.klasse jenter

25

1

1.-2.klasse gutar

20

1

3.-4.klasse gutar

20

1

5.klasse gutar/jenter

25

1,5 time 

6.-10.klasse gutar/jenter

25

1,5 time 

Total kapasitet

190

 

 

 

Troppsgymnastikk i Stord turn

Troppsgymnastikk

Frå NGTF: 

Troppsgymnastikk er en publikumsvennlig og allsidig lagidrett bestående av tre apparater. Tumbling og trampett engasjerer oss med spenstige, spektakulære og luftige svev mens frittstående viser oss samspill etter spennende musikk og rytmer, med artistiske bevegelser og akrobatikk.

Hver tropp består av minst seks utøvere som er i aksjon samtidig i hvert apparat. Kvinner og menn konkurrerer sammen og hver for seg i en estetisk idrett som bedømmes etter vanskelighetsgrad og stil. Troppsgymnastikk har hatt god utvikling, økt i popularitet de siste tiårene og utøves av barn, ungdom og voksne.

I Stord turn har me delt inn troppsgymnastane i tre ulike parti, og dei er miks mellom jenter og gutar. Det gir oss anledning til å melde tropp på i ulike konkurransar og stemner både som jente- og gutelag og i miks. 

Turngruppa skal ha fokus på å gi alle gymnastar anledning til å delta eller prøve ut tilbodet vårt om troppsgymnastikk, men det er samstundes avgrensa kapasitet på dei ulike partia. Frå 12 år er det krav til grunnleggjande ferdigheiter i dei ulike apparata for å kunne delta. 

Troppsgymnastane våre deltek ikkje på breiddeparti. 

Som troppsgymnast må ein ynskja å trena meir enn ein gong i veka og gymnastane vil frå det året dei fyller 12 år kunna delta i konkurransar i troppsgymnastikk som vert arrangert av kretsen. 

Sjå elles mykje informasjon her: https://gymogturn.no/grener-og-aktiviteter/konkurransegrener/troppsgymnastikk/om-grenen-troppsgymnastikk/ 

Omtale av dei ulike tilboda innan troppsgymnastikk

Aspirant tropp 6-8 år

Kapasitet: 15 gutar/jenter

Aspirantgruppa vår er i alderen 6 til 8 år, og skal introdusere borna for troppsturn gjennom øvingar i tumbling og trampett. Treningane skal organiserast på ein slik måte at gymnastane får anledning både til personleg utvikling og til å bygge lagfølelse. 

Aspirantgruppa skal ha to treningar i veka, og dei kan nytte mykje tid i mini-hallen for basistrening. Det skal sikrast god overføring til rekruttpartiet, og det skal gjerast til rutine at aspirant og rekrutt parti har fellestreningar innimellom. 

NB! Deltakarar vert oppmoda til å avvente påmelding til dei er 7 år. 

Aspirant tropp skal ha 2 treningar i veka. 

 

Rekrutt tropp 9-12 år

Kapasitet: 20 gutar/jenter

Rekruttpartiet skal ta vidare det dei har lært i aspirant/breidde og skal bli klar til å delta på stemner, samlingar og konkurransar når dei er gamle nok. For å få dette til, er det naudsynt at rekruttpartiet har minimum 4 foreldre som deltek som trenarar, og får kompetanseheving i tråd med målsettinga til troppen. 

Det er ei målsetting at turngruppa skal kunne delta i kretsmeisterskap med rekrutt frå dei er 11 år. Det er vidare ei målsetting at rekrutt-tropp skal reise på gymfest/barnas turnfestival kvart år, og ha anledning til å delta på andre samlingar. 

 Rekrutt tropp skal ha 2-3 treningar i veka, der 1 trening skal ha fokus på frittståande. 

 

Junior tropp 12 år +

Kapasitet: 16 gutar/jenter

Juniorpartiet skal ta vidare det dei har lært i tida som rekrutt. Det skal vera ei klar målsetting at juniorane deltek på dei konkurransar og stemne som ein finn naturleg. Trenarar skal ha grunnleggajnde kompetanse i troppsgymnastikk, og det føreset at turngruppa legg til rette for kompetanseheving både hos desse, men og foreldre som ønskjer å delta som instruktørar. 

Nye medlemmer har krav til grunnleggjande ferdigheiter for å kunne delta. 

Junior tropp skal ha minimum 3 treningar i veka, der 1 trening skal ha fokus på frittståande. 

Kontakt
Kalendar