Arego
kw:!support_us

Omtale av dei ulike tilboda innan troppsgymnastikk

Aspirant tropp 6-8 år

Kapasitet: 15 gutar/jenter

Aspirantgruppa vår er i alderen 6 til 8 år, og skal introdusere borna for troppsturn gjennom øvingar i tumbling og trampett. Treningane skal organiserast på ein slik måte at gymnastane får anledning både til personleg utvikling og til å bygge lagfølelse. 

Aspirantgruppa skal ha to treningar i veka, og dei kan nytte mykje tid i mini-hallen for basistrening. Det skal sikrast god overføring til rekruttpartiet, og det skal gjerast til rutine at aspirant og rekrutt parti har fellestreningar innimellom. 

NB! Deltakarar vert oppmoda til å avvente påmelding til dei er 7 år. 

Aspirant tropp skal ha 2 treningar i veka. 

 

Rekrutt tropp 9-12 år

Kapasitet: 20 gutar/jenter

Rekruttpartiet skal ta vidare det dei har lært i aspirant/breidde og skal bli klar til å delta på stemner, samlingar og konkurransar når dei er gamle nok. For å få dette til, er det naudsynt at rekruttpartiet har minimum 4 foreldre som deltek som trenarar, og får kompetanseheving i tråd med målsettinga til troppen. 

Det er ei målsetting at turngruppa skal kunne delta i kretsmeisterskap med rekrutt frå dei er 11 år. Det er vidare ei målsetting at rekrutt-tropp skal reise på gymfest/barnas turnfestival kvart år, og ha anledning til å delta på andre samlingar. 

 Rekrutt tropp skal ha 2-3 treningar i veka, der 1 trening skal ha fokus på frittståande. 

 

Junior tropp 12 år +

Kapasitet: 16 gutar/jenter

Juniorpartiet skal ta vidare det dei har lært i tida som rekrutt. Det skal vera ei klar målsetting at juniorane deltek på dei konkurransar og stemne som ein finn naturleg. Trenarar skal ha grunnleggajnde kompetanse i troppsgymnastikk, og det føreset at turngruppa legg til rette for kompetanseheving både hos desse, men og foreldre som ønskjer å delta som instruktørar. 

Nye medlemmer har krav til grunnleggjande ferdigheiter for å kunne delta. 

Junior tropp skal ha minimum 3 treningar i veka, der 1 trening skal ha fokus på frittståande. 

Kontakt
Kalendar