Turngruppa gjer endringar - me ønskjer fleire troppsgymnastar
Turngruppa og Stord IL sitt motto “Idrettsglede heile livet” skal vera eit overordna prinsipp for turngruppa sin aktivitet. Vårt mål er å legge til rette for aktivitet heile livet, og har tradisjon for å ha grupper for 3-åringar og oppover.
I turngruppa skal alle medlemmer ha lik anledning til å delta på aktivitet som turngruppa arrangerer. For å lukkast med det, synast det viktig for oss å organisere tilboda på ein anna måte enn tidlegare.
Turngruppa skal i 2024/2025 legge til rette for at gymnastar skal kunne velja mellom to retningar, der troppsgymnastikk er ein og breiddeparti er det andre.
Med troppsgymnastikk meinast eit parti som skal kunne delta i konkurransar, med høg foreldredeltaking med meir. Eit breiddeparti vil vera eit parti med færre treningar, og ikkje like stort fokus på at foreldre må delta som instruktørar, sjølv om føresette vil bli oppmoda til å delta som hjelpeinstruktørar og som støtte i treningane.
Som gymnast på breiddeparti vil ein kunna fortsetja med turn og grunnleiande opplæring i ulike øvingar med turnleik i fokus. Det er eit ynskje frå styret at begge retningane skal kunna delta på samlingar og liknande, men påmelding og praktisk gjennomføring må skje på gruppenivå i eit samarbeid med trenarar og foreldrekontakt. Foreldre som ynskjer å verta trenarar eller bidra på treningane vil få tilbod om sikrings- og trenarkurs i regi av Norges Gymnastikk og Turnforbund.
Nærare omtale om dei ulike gruppene som turngruppa tilbyr er samla i dette dokumentet.
Med slik organisering, vil turngruppa ha kapasitet til om lag 240 aktive medlemmer i alderen 1.-10.klasse.
Er du interessert i å vita meir om tilboda?
Sjå her: Om turngruppa