Arego
kw:!support_us

Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2025

Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!

Velkomen til nytt turn-år sesongen 2025/2026 :) 

  • Alle ordinære parti frå 1.-10.klasse vil ha oppstart i veke 35. 
  • Alle parti på foreldre/barn vil ha oppstart i veke 36, men felles oppstartsmøte for foreldre i veke 35
  • Trening for damer på Vikahaugane har oppstart i veke 34

Endeleg timeplan er oppdatert, og det er nokre små endringar frå i fjor. 

Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!  

Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no 

 

Styret

 

 

Kontakt
Kalendar