Arego
kw:!support_us

Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2026 - Oppstart i veke 35

Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!

Velkomen til nytt turn-år sesongen 2026/2027 :) 

  • Alle ordinære parti frå 1.-10.klasse vil ha oppstart i veke 35. 
  • Alle parti på foreldre/barn vil ha oppstart i veke 36, men felles oppstartsmøte for foreldre i veke 35
  • Trening for damer på Vikahaugane har oppstart i veke 35

Endeleg timeplan er oppdatert, og det er ikkje store endingar frå i fjor. 

Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Eventuelle avmeldingar skjer på minidrett.no, der de sjølv må melde bornet ut.

Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!  

Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no 

 

Styret

 

 

Kalendar