Påmelding til Allidrett med oppstart haust 2024
Stord IL turngruppa er glad for å vidareføre tilbodet om Allidrett hausten 2024. Me har no kapasitet til å ta i mot påmelding for born født i 2019.
Treningstid er førebels ikkje avklart, men truleg vert det trening torsdagar kl 16-17 for 2019-kullet.
Lenke til påmelding finn du her: http://turn.stordil.no/pamelding
Har du spørsmål til tilbodet? Send oss ein epost på allidrett@stordturn.no
Håpar me sjåast på trening!