Arego
kw:!support_us

Nytt apparatrom på Vikahaugane!

Endeleg kan me ta i bruk den nye mini-hallen vår på Vikahaugane! Den vil vera eigna til mindre parti og trening med speil for betre å finspisse teknikk i både frittståande og apparat. Spesielt er utstyret retta mot born i alderen 6-9 år. 

Tusen takk til dei som har bidrege til at me har fått ei sårt trengt oppgradering og utviding av hallkapasiteten vår! 

Sparebankstiftelsen SR-bank og Sparebanken Vest har begge bidrege med 150.000 kroner, og turngruppa set umåteleg pris på bidraga! 

Turnutstyr mini-hallen

 

Turnutstyr mini-hallen

Open for påmelding!

Allidrett i stord il

Me gjentek suksessen frå i fjor, og startar i haust opp att Allidrett for 5-åringar! 
 
Me tek sikte på oppstart i månadskiftet september/oktober, og har fått med oss kjekke trenarar til tilbodet! 
 
Inntil vidare er det eit tilbod til born født i 2018, vil ta utgangspunkt i trening på Leirvik skule torsdagar kl 16-17, og ha kapasitet på 20 born!
 
Påmelding og medlemsskap vert registrert i Stord IL turngruppa, og tilbodet om allidrett er eit supplement til eventuelt medlemsskap i turn. Medlemmer i allidrett må melda seg på kvart år! Det er ei målsetting å kunne opprette fleire grupper for allidrett dei neste åra. 
 
Spørsmål knytt til Allidrett, kan rettast til Caroline Wolff, allidrett@stordturn.no , telefon 97671156. Påmelding skjer via ordinær påmelding i turngruppa, som du finn i menyen til venstre,

Velkomen til oppstart i turngruppa hausten 2023

Hei alle eksisterande og nye medlemmer i Stord IL turngruppa!

Velkomen til nytt turn-år sesongen 2023/2024 :) 

Me tek sikte på ordinær oppstart i veke 34 og veke 35 for alle barnegrupper!

Endeleg timeplan vil vera oppdatert omkring 1.august, og ligg på nettsida vår. Det kan koma endringar i høve den som gjaldt i 22/23-sesongen.  

Gruppene som har treningstid i turnhallen, 1.-10.klasse, er fullteikna, og har ventelister. Desse vert oppdatert heile vegen, og plassar kan bli ledig. Det er difor viktig at me får melding dersom born ikkje skal ha plassen sin dette året :) Alle vil få tilsendt eigen bekreftelse på kva gruppe ein tilhøyrer og eventuell informasjon knytt til det før oppstart!  

Spørsmål som gjeld ditt barn eller deg sjølv, kan rettast på mail til leiar@stordturn.no 

 

Styret

 

 

Turngruppa sine troppsgymnastar fortset å imponera!

Stord IL turngruppa - Troppen

Bak frå venstre: Lars Aaheim (trenar), Anna Gardner, Camilla Silden (delvis skjult), Erlend Lydersen Grønås, Elena Valvatne, Karoline Frederich (trenar) Tora Eik Breirem, Marielle Flatås Kvalnes, Thea Elise Paulsen, Lars M Heggland (trenar), Karl Grov, Tiril Simonsen, Miriam Matre, Eline Røstbø Treeck, Carina Stautland, Beate Sørvik Torkelsen, Torbjørn Ottesen Hornaland, Saga Emilie Tonning, Mathilde Nordtveit, Hedda Haslum Myklebust, Seline Molde Ottesen, Ida Synnøve Flatås Kvalnes 

På søndag gjekk turen til Haukelandshallen og Kretsmeisterskap Hordaland i troppsgymnastikk. Både rekruttar og juniorar har jobba hardt i heile haust med førebuingar mot konkurranse og det var ein spent gjeng som hadde avreise søndags morgon.

I konkurranseforma troppsgymnastikk konkurrera gymnastane som eitt lag i apparata tumbling, trampett og frittståande. Poengberekninga vert gjort etter vanskegrad og i kor stor grad dei klarar å oppnå det i konkurransen. Juniorane sine jenter stilte for første gong i Stord IL si historie i Teamgym-konkurranse, der alle tre apparat vert slått saman med samla, teljande resultat. Rekrutt og mix-laget til juniorane stilte i nasjonale klassar. I alt stilte heile 95 troppar til start i ulike klassar og apparat.

Med seg frå Bergen fekk gjengen med seg følgjande flotte resultat:

  • 1. plass Teamgym Kvinner
  • 2. plass Junior mix (J+G) tumbling
  • 2. plass Junior mix (J+G) trampett
  • 3. plass Rekrutt frittståande

Turngruppa har lang og stolt tradisjon for apparat-turn. Med stadig voksande og hardt arbeidande troppsgymnastar er me i ferd med å skapa svært gode rammer også for denne konkurranseforma. Troppen syner eit flott samhald og god treningsvilje.

Dette hadde me ikkje fått til utan dedikerte trenarar, eit godt breiddetilbod og god aktivitet på Vikahaugane kvar dag. Turngruppa tel i dag om lag 250 aktive gymnastar på breiddepartia frå 1.-10.klasse, 25 troppsgymnastar og 10 apparat-turnarar. Med opp mot 100 born i alderen 2-5 år på foreldre/barn-gruppene våre ser framtida lovande ut.

For alle som ønskjer å sjå denne flotte gjengen, saman med alle dei andre gymnastane våre, er juleshowet vårt absolutt verdt å få med seg!

9.desember fyller me Nyehallen på Vikahaugane med mykje flott turn.

Temagym - frittstående

 

Kontaktinfo

Jon Eirik Kvalnes
E-post: leiar@stordturn.no
Telefon: 99 38 95 62
Kontakt
Kalendar